Utfordringer med datter på 4 år, fra føreste ekteskap.

Still spørsmål
account_circle

SPØRSMÅL

Hei. Me er ein familie på 6. Eg har to frå tidlegare ekteskap og han har ei datter frå før. Me har fått eit barn i lag. Me har store utfordringar med datter hass, ho er 4 år. Ho gjer merkelege ting og seier ting som me lurer på kvifor. Ho treng konstant bekreftelse på ting, visst ho får beskjedar så seier ho til far «du er ikkje glad i meg» eller «er du sint eller er du glad i meg» Ho får mykje omsorg av faren sin, det manglar ikkje på det. Og detta har vore slik sidan ho var liten, lenge før foreldra skilte seg. Mora til denne ungen trur ikkje på grensesetting, ho søv i same seng som ho enda..faren måtte ordne alt med soving på eige rom, slutting av smokk. Mora bryr seg ikkje om kva far seier om situasjon. På nattestid kan ho berre stå midt inni stova å skrike. Ho seier til faren «du skal sova med meg» Det er ein slitsom situasjon for me veit ikkje korleis det skal løysast. Ho skal bestemme korleis ting skal vera. Eg har sagt at han må ikkje gi etter, ungar treng reglar.

SVAR

Besvart 17.10.2023 12:29:51
account_circle